Seniortur til Sandeie på Algrøyna med Tirsdagsgruppa

Fellestur

Dato
3. november kl. 10:30 - 15:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Sotra Øygarden
Turområde
Nordhordland (se kart)

Oppmøte: Hald stadion kl . 10.30.

Vi samlast i bilar og kjører til Algrøyna til kystkulturlandskap ytst i havgapet. Det er litt spesielt å koma ut til Sandeie. Store steinar, berg og vik med skjelstrand.

Det er bruer og klopper over dei våtaste partia mot Idlefjellet. Vi skal ikkje opp på Idlefjellet men vi går rett ved.

Frå Idlefjellet er det noko kupert terreng til Sandeie. Det kan vera vått på stien så bruk godt fottøy. Det kan og blese friskt på toppen, så det er viktig å kle seg etter veret.

Mellom Idlefjellet og Sandeie - ved Ånesvika - nede til venstre på veg utover vert ein Kystpasstur for 2020. Eit turmål både for å gå, og å padle til.

Normal gangtid til Sandeie er ca. 4 timar t/r. Med kjøring og matpause i tillegg må vi rekne ca. 5 timar.

Velkommen på tur! Hugs mat og drikke.

Her kan du sjå film frå tur til Sandeie. Sandeie var ein av Kystpassturane i 2019:

 

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Seniortur til Sandeie på Algrøyna med Tirsdagsgruppa

Oppmøte: Hald stadion kl . 10.30. Vi samlast i bilar og kjører til Algrøyna til kystkulturlandskap ytst i havgapet. Det er litt spesielt å koma ut til Sandeie. Store steinar, ...