Seniortur til Gardafjellet med Tirsdagsgruppa

Fellestur

Dato
13. oktober kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Sotra Øygarden
Turområde
Nordhordland (se kart)

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Oppmøte: Hald stadion kl. 10.30.

Frå Hald stadion kjører vi til Fjell kyrkje sin nedre parkeringsplass. Herifrå går vi inn på den gamle kyrkjevegen Fjell-Morland. Etter ei stund kjem vi til eit stidele/kryss der ein kan fortsetja rett framover til Morland eller gå litt mot høgre til Kolltveit/Kolltveitmarka. Vi vel å gå til venstre, til Gardafjellet.

Frå Gardafjellet går det ein sti lenger sør som fører nedatt til Fjell. Ved å ta denne stien nedatt vert det ein rundtur. I denne stien har det vore nokre våte parti tidlegare, men flittige dugnadsfolk i Sotra Øygarden Turlag har i vår laga fleire nye kloppar over desse våte partia i stien.

Dette er ein enkel/lett tur. Turtid er omlag 3 timar.

Ta med mat og drikke. Sko og kle deg etter slik veret er denne dagen.

Vinteren er nær. Finn fram broddane og legg dei i sekken. Om du ikkje får bruk for dei på denne turen så kanskje på den neste.

 

Kåre Fjeld er kjentmann på turen. Han går framme og Sigrid Venke Fjeld går bak i gruppa.

Velkommen på tur!

 

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Seniortur til Gardafjellet med Tirsdagsgruppa

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. ...

Kontaktinformasjon:

  • Kåre Fjeld
  • Tlf. 45081682

Turledere:

  • Kåre Fjeld
  • Sigrid Venke Håkonsund Fjeld