Kystpilgrimsvandring til Sund kyrkje, lett rute

Dette arrangementet er over!

Velkomen til kystpilegrimsvandringar i Øygarden i mai 2021

Kystpilegrimsvandringane er ein del av prosjektet Nye PiN  (Perler i Nordsjøløypa). Vandringane er eit samarbeid mellom kyrkja, bispedømmekontoret, det regionale pilegrimssenteret i Bergen, Sotra Øygarden turlag og andre frivillige lag i kommunen.

Vi har vald ut 3 kyrkjevegar til pilegrimsvandringar i mai. Sjå meir på kommunen si nettside i boksen «Kultur, idrett og fritid» og vidare under  «Opplev Øygarden» og «Turar i Øygarden».

Historisk sett er det sjøen som har vore kyrkjevegen, og dei fleste kom seg til kyrkja i båt. Men var været for dårleg, var løysinga å ta seg fram gjennom utmarka. Dette var elles vanlege ferdselsvegar mellom bygdene før bilvegane kom.

Bli med på vandringane og bli kjend med den lokale kultur- og kyrkjehistoria! Alle turane er ein del av Nordsjøløypa. På vandringane får du oppleva kystkultur på sitt beste, krydra med kunnskap om kulturminne og tradisjonar.

Det blir ei kort gudsteneste ute eller inne, alt etter smittevernreglane som gjeld dei aktuelle dagane. Sjå elles kunngjeringar i Vestnytt, kyrkjeblad og på sokneråda sine nettsider.

Vandringane og gudstenestene er opne for alle. Namn og kontaktinfo blir registrert ved oppmøte i tilfelle smittesporing blir nødvendig i etterkant av arrangementa. Vel møtt!

Det kan bli endringar i programmet om retningslinene for covid 19 blir endra.

Kle deg etter værforholda, ta gjerne med varme klede til lengre pauser og om gudstenesta blir ute. Vi kan håpa på at det blir bruk for solkrem og solbriller! Ein solid nistepakke og rikeleg med drikke kjem godt med! Det er ein del blaute parti, trass i at turlaga og andre frivillige har arbeidd mykje med tilrettelegging av stiane. Det er viktig å vera skikkeleg skodd. I tillegg er det greitt å ha med antibac, sjølv om ikkje det hindrar oss i å møta på hoggorm og flått!

 

Kystpilegrimsvandring til Sund kyrkje 1.pinsedag 23.mai.

Denne vandringa har ei lang rute (frå Stranda) og ei kort rute frå Førde.
Oppmøte kl 10:30 ved Førde (Førdesdalen). Kontaktinfo med namn og tlfnr til turleiar ved oppmøte. For å henta bilane etter vandringa og gudstenesta, kan sjåførane ta rutebuss kl 13.25 frå Klokkarvik tilbake til  Førde. Parkeringsplassen ved stistart på Førde er liten. Kjenner du fleire som skal gå turen frå Førde, oppmodar vi til parkering ved Sund kyrkje for så å ha samkøyring til Førde.

Frå Stranda skule startar stien ved den gigantiske gitaren kl 08:30. Turløypa går på merka sti til Fadrabore. Alternativt kan ein gå frå Hamre eller Vorland. Då er det viktig å melda frå til turleiar ved oppmøte på Fadraborde kl 09.30. Kyrkjestien går vidare ned Åsendalen, forbi Grindavatnet og vidare gjennom den tronge passasjen Hestaklypa.

Når turfølgje frå Stranda kjem ned til Førde, går vi saman siste etappen til Sund kyrkje. Før vi kjem heilt fram, er det ein plass som har fått namnet Skautakleiva. Der tok kvinnene skautet på seg, og alle gjorde seg presentable for kyrkjegang. Fint om kvinnene har med skaut!

Sund kyrkje er frå 1997. Den vakre langkyrkja frå 1877 brann ned i 1994. På kyrkjestaden har det vore fire kyrkjer, den eldste frå 1100-1200-talet og den neste frå 1674. Kyrkjerommet i den nyaste kyrkja har halvvifteform med om lag 300 sitjeplassar. Med tilstøytande rom kan ein få plass til dobbelt så mange. Sund kyrkje er i tillegg til kyrkjeleg bruk, eit svært godt konsertlokale.

Tidsplan:

Klokkeslett

 

 

TUR 1

TUR 2

 

Det er lagt opp til to turar, ein krevande og ein lett

 

10:30

 

Oppmøte ved Førde, Førdesdalen

 

10:45

 

Alle går vidare frå Førde

 

11:45

1,5 km

Ankomst Sund kyrkje, kulturhistorisk innslag ute

 

12:00

 

Gudsteneste

 

13:00

 

Kulturhistorisk utstilling

 

13:20

 

Rutebuss, Klokkarvik 13:25 – 13:44 Sund ungdomsskule

 

Kystpilgrimsvandring til Sund kyrkje, lett rute

Velkomen til kystpilegrimsvandringar i Øygarden i mai 2021 Kystpilegrimsvandringane er ein del av prosjektet Nye PiN  (Perler i Nordsjøløypa). Vandringane er eit samarbeid mellom kyrkja, bispedømmekontoret, det regionale pilegrimssenteret i ...

Kontaktinformasjon: