Kystpilgrimsvandring til Fjell kyrkje

Dette arrangementet er over!

Velkomen til kystpilegrimsvandringar i Øygarden i mai 2021

Kystpilegrimsvandringane er ein del av prosjektet Nye PiN  (Perler i Nordsjøløypa). Vandringane er eit samarbeid mellom kyrkja, bispedømmekontoret, det regionale pilegrimssenteret i Bergen, Sotra Øygarden turlag og andre frivillige lag i kommunen.

Vi har vald ut 3 kyrkjevegar til pilegrimsvandringar i mai. Sjå meir på kommunen si nettside i boksen «Kultur, idrett og fritid» og vidare under  «Opplev Øygarden» og «Turar i Øygarden».

Historisk sett er det sjøen som har vore kyrkjevegen, og dei fleste kom seg til kyrkja i båt. Men var været for dårleg, var løysinga å ta seg fram gjennom utmarka. Dette var elles vanlege ferdselsvegar mellom bygdene før bilvegane kom.

Bli med på vandringane og bli kjend med den lokale kultur- og kyrkjehistoria! Alle turane er ein del av Nordsjøløypa. På vandringane får du oppleva kystkultur på sitt beste, krydra med kunnskap om kulturminne og tradisjonar.

Det blir ei kort gudsteneste ute eller inne, alt etter smittevernreglane som gjeld dei aktuelle dagane. Sjå elles kunngjeringar i Vestnytt, kyrkjeblad og på sokneråda sine nettsider.

Vandringane og gudstenestene er opne for alle. Namn og kontaktinfo blir registrert ved oppmøte i tilfelle smittesporing blir nødvendig i etterkant av arrangementa. Vel møtt!

Det kan bli endringar i programmet om retningslinene for covid 19 blir endra.

Kle deg etter værforholda, ta gjerne med varme klede til lengre pauser og om gudstenesta blir ute. Vi kan håpa på at det blir bruk for solkrem og solbriller! Ein solid nistepakke og rikeleg med drikke kjem godt med! Det er ein del blaute parti, trass i at turlaga og andre frivillige har arbeidd mykje med tilrettelegging av stiane. Det er viktig å vera skikkeleg skodd. I tillegg er det greitt å ha med antibac, sjølv om ikkje det hindrar oss i å møta på hoggorm og flått!

 

Kystpilegrimsvandring til Fjell kyrkje søndag 30.mai

Oppmøte på Morland kl. 10.00. Gudsteneste i Fjell kyrkje kl 12.00.

Det er mogleg å parkera eit stykke frå stistart på Morland, men ein oppmodar til samkøyring då plassen er begrensa. Ved Fjell kyrkje er det rikeleg med parkering. For å ikkje måtta gå same turen tilbake og henta bilane der, kan ein avtala med kjentfolk at nokre parkerer bilane på Fjell og får skyss til Morland. Så gjer ein det motsette etter turslutt og gudsteneste.

Turen går langs sti i lett kupert tereng, turen er ca 3 km, enkelte parti er blaute. 

Pilegrimsvandringa mot Fjell kyrkje denne søndagen vil starta på kyrkjevegen frå Morland.  Den følgjer Nordsjøløypa gjennom utmarka langs austsida av Kyrkjevatnet, vidare mellom Midtvatnet, Eidesvatnet og Liavatnet. Nordsjøløypa ender her ved asfaltert veg til stor parkeringsplass og opp til kyrkja.

Pilegrimsturen vil framheva kunnskap om farne tiders bruk av kyrkjevegane og små historier knytt til desse. Undervegs gjer vi små stopp og knyt sentrale delar av ei gudsteneste til elementa i naturen. Pilegrimsturane vil understreka begge retningane vi ser i krossen: Oppover til Gud, hans skaparkraft og miskunn, og utover til natur og medmenneske, og vår plass og vårt ansvar for skaparverket.

Turlaget og Fjell kommune har lagt ned mykje arbeid med å merka og halda stien ved like. I dag er det Sotra Øygarden turlag som har tatt på seg vedlikehaldsansvaret.

Fjell kyrkje er allereie nemnd i skrifter frå 1338. Seinare vart det bygd kyrkje på slutten av 1700-talet. Kanskje kan det ha vore bygd ei kyrkje i mellomtida. Det er lite att av den første kyrkja, men eit alterskåp frå 1400-talet heng i kyrkja i dag. Denne kyrkja vart vigsla i 1874 og er ei vakker langkyrkje. Ho har 700 sitjeplassar.

Kystpilgrimsvandring til Fjell kyrkje

Velkomen til kystpilegrimsvandringar i Øygarden i mai 2021 Kystpilegrimsvandringane er ein del av prosjektet Nye PiN  (Perler i Nordsjøløypa). Vandringane er eit samarbeid mellom kyrkja, bispedømmekontoret, det regionale pilegrimssenteret i ...

Kontaktinformasjon: