Kystpilgrimsvandring til Hjelme gamle kyrkje

Dette arrangementet er over!

Velkomen til kystpilegrimsvandringar i Øygarden i mai 2021

Kystpilegrimsvandringane er ein del av prosjektet Nye PiN  (Perler i Nordsjøløypa). Vandringane er eit samarbeid mellom kyrkja, bispedømmekontoret, det regionale pilegrimssenteret i Bergen, Sotra Øygarden turlag og andre frivillige lag i kommunen.

Vi har vald ut 3 kyrkjevegar til pilegrimsvandringar i mai. Sjå meir på kommunen si nettside i boksen «Kultur, idrett og fritid» og vidare under  «Opplev Øygarden» og «Turar i Øygarden».

Historisk sett er det sjøen som har vore kyrkjevegen, og dei fleste kom seg til kyrkja i båt. Men var været for dårleg, var løysinga å ta seg fram gjennom utmarka. Dette var elles vanlege ferdselsvegar mellom bygdene før bilvegane kom.

Bli med på vandringane og bli kjend med den lokale kultur- og kyrkjehistoria! Alle turane er ein del av Nordsjøløypa. På vandringane får du oppleva kystkultur på sitt beste, krydra med kunnskap om kulturminne og tradisjonar.

Det blir ei kort gudsteneste ute eller inne, alt etter smittevernreglane som gjeld dei aktuelle dagane. Sjå elles kunngjeringar i Vestnytt, kyrkjeblad og på sokneråda sine nettsider.

Vandringane og gudstenestene er opne for alle. Namn og kontaktinfo blir registrert ved oppmøte i tilfelle smittesporing blir nødvendig i etterkant av arrangementa. Vel møtt!

Det kan bli endringar i programmet om retningslinene for covid 19 blir endra.

Kle deg etter værforholda, ta gjerne med varme klede til lengre pauser og om gudstenesta blir ute. Vi kan håpa på at det blir bruk for solkrem og solbriller! Ein solid nistepakke og rikeleg med drikke kjem godt med! Det er ein del blaute parti, trass i at turlaga og andre frivillige har arbeidd mykje med tilrettelegging av stiane. Det er viktig å vera skikkeleg skodd. I tillegg er det greitt å ha med antibac, sjølv om ikkje det hindrar oss i å møta på hoggorm og flått!

 

Kystpilegrimsvandring til Hjelme gamle kyrkje 24.mai (2.pinsedag)

Oppmøte kl 11.00 i Hellesundet (Sonne).

Det er ikkje parkeringsplassar ved starten på stien, så parker ved gravplassen til Hjelmekyrkja eller Bakken skule. Derifrå er det 1.2 km på veg fram til den gamle kyrkjevegen startar. Kyrkjevegen er 2 km lang og tar omtrent 45 – 60 minutt å gå. For å henta bilane må ein då gå same vegen tilbake, eller ein går på bilvegen. Det er ca 3 km.

Gudsteneste i Hjelme gamle kyrkje kl 12.00.

Kystpilegrimsleia i nord går kyrkjevegen frå Hellesundet til Hjelme gamle kyrkje.  Historisk sett er det sjøen som har vore kyrkjevegen for folk i Hjelme sokn. Men utan båt kunne folk koma seg til kyrkja gjennom utmarka både frå Nautnes, Sæle, Bakken Hellesund og Hellesøy. Det fanst ikkje veg, men stiar kom til med tida. Desse stiane var likevel ikkje særleg godt opparbeidde, og det var alltid fare for å få kyrkjekleda tilsølte i myrlendt terreng. Det blir òg fortald at eit uthus i Hjelme vart brukt som omkledingsrom for kvinner som ikkje tok sjansen på å vandra gjennom utmarka i finstasen. Lakkskorne kom på her, sidan mange gjekk i treskor gjennom marka. Det var òg eit naust som var brukt til dette formålet for dei som kom sjøvegen og ikkje ville koma søkkvåte av sjøsprøyt til kyrkja.

Kyrkjestiane frå Nautnes og Sæle er borte etter at bilvegen vart bygd ferdig i 1955, men den gamle kyrkjevegen frå Hellesund til Hjelme finst framleis og er flittig brukt som turveg. Ei sidearm av denne stien kjem opp frå Bakken.

Stiane på heile Hellesøy blir godt vedlikehaldne og merka av dugnadsfolk i Bakken krins. Nærmiljøutvalet er svært aktivt med å leggja til rette for gode kultur-og naturopplevingar. På Hengjo er det stor aktivitet, og om sommaren er det mogleg å få seg eit godt måltid mat her.

Hjelme gamle kyrkje vart bygd i 1875.  Kyrkja er restaurert og fungerer som eit verdifullt kulturminne. Nokre brurepar vel å bli vigde i den gamle kyrkja. Det har òg vore arrangert konsertar med religiøse folketonar her. Kyrkja har 180 sitjeplassar.

Det er ein liten, men interessant gravplass ved kyrkja. Det var lite jord i nærleiken, så bøndene fekk pålegg om å føra jord til kyrkjegarden. Denne kyrkjegarden var i bruk fram til det vart opparbeidd ny kyrkjegard på Bakken. Her vart Hjelme nye kyrkje innvigd i 1971.

Kystpilgrimsvandring til Hjelme gamle kyrkje

Velkomen til kystpilegrimsvandringar i Øygarden i mai 2021 Kystpilegrimsvandringane er ein del av prosjektet Nye PiN  (Perler i Nordsjøløypa). Vandringane er eit samarbeid mellom kyrkja, bispedømmekontoret, det regionale pilegrimssenteret i ...

Kontaktinformasjon: