Sopp kurs

Soppkurs
Soppkurs Foto: Kari Vardøy

26. august arrangerte Sund folkebibliotek soppkurs på biblioteket. 1. septemmber var det kurs i nyttevekster. 9. september tok ein turen ut til Håkonsund for å finna sopp og nyttevekster der dei høyrer heime, i naturen. I nydeleg seinsommar vær med temperatur over 16° celsius kjører ein samla frå oppmøte ved biblioteket Sund senter til Håkonsund for å finna sopp og nyttevekster.

Kurset var veldig bra. Magnhild er ein dyktig kursholdar. God på å lære bort kunnskapane sine og ein behagelig person å være saman med.


Vi hadde på forhånd hatt 2 andre kurs: eit om soppar og eit om nyttevekstar. Sia vi var godt ut i hausten på det 3 kurset (naturtur og sanking av sopp og nyttevekstar), var det helst sopp vi fann mest av. Både spiselige men òg giftige soppar. Sidan sopp er eit nytt felt for meg - har eg etter Magnhilds kurs, fått mykje god kunnskap om sopp - i tillegg til at eg har fått stor respekt for soppen som matsopp. Det vil seie eg hadde ikkje våga å plukka sopp på eiga hand endo - utan å få den kontrollert av kyndige sopp-ekspertar.

På alle 3 kursa har Magnhild hatt med sine eigne eksemplar av både sopp og mat laga av nyttevekstar. På nyttevekstkurset hadde ho mellom anna med seg både "Geitrams-gele" og "Løvetann-sirup". Dei var begge to utrulig gode - og definitivt noko eg sjølv vil lage til neste år, i og med at Geitramsen er avblomstra og det er løvetannen òg.
Særlig Geitrams og Løvetann som vi har så mykje av - og som vi ofte irriterast over fordi dei er "overalt", har eg no fått eit heilt anna syn på og stor respekt for. 
Kari Vardøy
Soppkurs
Soppkurs Foto: Kari Vardøy

Skrevet av Fredrik Mortensen 25. september 2015