Årsmøte med foredrag om Stølsheimen

18. oktober 2015: Stølsheimen - Svartevassetret i indre Masfjorden, på veg til Kalvedalen.
18. oktober 2015: Stølsheimen - Svartevassetret i indre Masfjorden, på veg til Kalvedalen. Foto: Jane Britt Daae, Bergen og Hordaland Turlag

Årsmøte for Sund Turlag, lokallag av Bergen og Hordaland Turlag, blir i amfiet på Stranda skule onsdag 3. februar klokka 18.00. Først bli det eit foredrag om Stølsheimen ved Knut Langeland. 

Foredrag om Stølsheimen kl 18.00

Kvelden byrjar med foredrag ved journalist Knut Langeland om Stølsheimen.

Foredraget er OPE for ALLE

Knut Langeland har skreve ein veldig bra artikkel om Stølsheimen: "Stølsheimen er min katedral" trykk på lenken og bli inspirert til å besøka vakre Stølsheimen.

Hjarteleg velkommen til foredrag og årsmøte!

Årsmeldinga for 2015 vil bli lagt ut her om kort tid!

Alle som deltek på årsmøte får: - 20 % rabatt på et produkt i butikken i Marken, - Kjøp 5 hyttekuponger – betal for 4

DAGSORDEN

  • Åpning av årsmøte kl 19.00
  • Konstituering
  • Årsmelding 2015
  • Rekneskap 2015
  • Behandle framsette forslag
  • Val i hendhold til vedtekter
  • Vedta handlingsplan m/budsjett
  • Avslutning