Om Oss

2014 var andre driftsår som lokallag av Bergen og Hordaland Turlag.

Det har vært eit innhladsrikt år der Turlaget har fått til mykje bra arbeid i kommunen.

Sund Turlag har fått etablert Barnas Turlag Sund, og vi har ei godt fungerande Seniorgruppe,

leiaren for desse to gruppene er med i styre til Sund Turlag. Det er satt i gang

fleire prosjekt og mange av dei er avslutta, måloppnåelsen er god. Blant anna er vi med

på eit prosjekt som er leia av Sund folkebibliotek, eit prosjekt som vi kan sjå i samanheng

med Stimerkingsprosjektet (merking og gradering av turstiar). Turlaget sitt igjen med eit

inntrykk av at innbygjarane har lagt merke til Turlaget og tatt godt i mot dei aktivitetar

som er satt i gang. Det er eit lite stykke å gå når det gjeld å få engasjert innbygjarane. Her

her også styret ei utfordring til å formidla behovet for hjelp og dugnad for å fulføra prosjekt.

Styre i turlaget har fungert godt, tre av medlemane til styre trakk seg frå styre kort tid

etter at styre var ettablert i 2014 dette har påvirka kapasiteten til styre. Styre i Sund Turlag

ser fram til eit nytt driftsår der vi har valgt å foreslå på årsmøte å ta inn fleire varamedlemar

til styre.