mange prosjekt, kjekt å bidra

Sund Turlag har satt i gang nokre prosjekt, og så bidrar vi til gjennomføring av andres prosjekt. Vi ynskjer ikkje å vera ein organisasjon som berre tenkjer på oss og vårt, men som tenkjer heilskap. Saman er vi sterke og får fullført meir enn om vi står aleina.

STIMERKINGSPROSJEKTET "Over Veten"

Vi har søkt pengar frå Vestlandsprosjektet, som no er ein del av eit nasjonalt stimerkings prosjekt. Tilsaman har vi fått mykje pengar som skal nyttast til rydding, merking, gradering, skilting, infotavler, info-broskyrer m.m.

Forutsetningen for at vi mottek midlane er at vi kan stilla med tilsvarande "beløp" i dugnad og sponsor midlar. Her treng vi din hjelp.

Prosjektet inneheld mange delar, blant anna skal vi setta ut vegvisningsskilt og informasjonstavler for å visa veg.

Antall
Vegvisningsskilt 200
Små infotavler 20
Store infotavler 15

"Ord i spreke spor"

Eit samarbeidsprosjekt mellom Sund folkebibliotek, Sund turlag, Hordaland fylkeskommune og Stranda skule. Prosjektet er ein del av ei større satsing der Sund turlag har fått midlar til skilting og rydding av løypa. Biblioteket har fått tilskot frå Nasjonalbiblioteket og Hordaland fylkeskommune for å prøve ut ein ny samarbeidsmodell. Målet med prosjektet er å kople saman fysisk aktivitet, natur-, kultur-, og litteraturopplevingar, gje ei god turoppleving i vakker kystnatur.

Turløypa startar ved Stranda skule og går opp til Storevarden, ei løype som vil skape undring og overraskingar på plassar der ein minst forventar det. Det vert plassert ut installasjonar som kan vekka interessa for å gå vidare i løypa. I tillegg til benkar der folk kan ta ei kvilestund og reflektera over det dei ser. Arbeidet ute i kulturløypa er godt i gang. Turlaget jobbar med å rydda og merka stien og å setja opp infoskilt om det som er verd å merka seg undervegs. Ein gigantisk gitar i starten av løypa skal byggjast utover våren 2015. Reidar Vorland frå Sund turlag er byggansvarleg og Øyvind Heggstad er idéskapar og kunstnarleg ansvarleg for denne installasjonen. Gitaren ligg tett til skular og barnehage og vil i den samanheng fungere godt som ein kulturarena for ulike arrangement i kommunen som til dømes konsertar, bokopplesingar, dramatiseringar, felles møtepunkt eller andre kulturelle hendingar.
Den 3. juni klokka 18 vert det offisiell opning av løypa. Vi satsar på ei storslått opning av turløpa denne dagen.
Bente Fosse

Prosjekt skisse som visar startpunktet som ligg rett bak bassenget ved Stranda skule.